Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Billig Råssåkraft etter påske

Billig Råssåkraft etter påske

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. april 2010

Etter påske startar Råssåfoss Kraftverk produksjon av straum. Anlegget er no klart til å starte produksjonen, og så snart vårløysinge kjem vil det bli full produksjon.  Den lokale straumproduksjonen vil kome todalingane til nytte i dobbel forstand, seier dagleg ledar i Råssåfoss kraftverk Asgeir Longva.

Smutthol i lovgivinga – billigare nettleie til todalingane

Han fortel at han, saman med marknadssjef Bård Andreassen i Svorka, har funne eit smothol i lovgivinga som gjer at todalingane kan få lågare nettleie. Ifølge Longva har det si forklaring i at Todalen ligg i ein ende av strømnettet, og dermed gir regelverket mulegheit for å redusera nettleia med inntil 33,3 % (1/3).  Men det er ein hake med det, og det er at minstst halvparten av abonnentane må støtte eit slik krav, og at det kravet må settast fram før dei startar straumleveransane frå Råssåfoss Kraftverk.  Longva har fått klarert at det kan nyttast SMS til dette, og han ber om at den som støttar kravet må sende meldinga «REDUSERT NETTLEIE» til nr 920 33 689 i løpet av torsdag. Går dette i orden vil det gje utslag på straumrekninga allereie frå neste avlesing som er 1. mai.

Longva presiserer at dette berre gjeld abonnentar med postadresse 6645 Todalen. Dersom Nordvikkraft skulle fått til ein liknande avtale, måtte dei ha ordna dette før dei starta produksjon. Så på Nordvik er dei definitivt for seint ute!

Publisert: 1. april 2010, 06:00