Billettane til julerevyen 2019, «Todalen Ymseri», er no lagt ut for sal på Matkroken Todalen. Vi tenkte å være tidleg ut med tanke på at det kanskje kan være ei høveleg julegåve til familie, eller vener og kjente, seier Knut Bergli i Todalen Idrettslag som er arrangør. Billettane kostar kr 150 pr stk., og kan kjøpast i kassa på matkroken. Julerevyen «Todalen Ymseri» går av stabelen 3. juledag, fredag 27. desember kl. 20.00 i Todalen ungdomshus.
Skrivegjengen er på det næraste komne i mål, og no er øvingane i ferd med å kome i gang for fullt, så det blir ein hektisk periode fram til jul for revygjengen. Det er imidlertid ikkje noko problem for dem, for dei har såpass med lopper i blodet når det nærmar seg jul at da likar dei å ha litt «action» rundt seg. Løp og kjøp billetter – det er utruleg mange billettar som er lagt ut, men erfaringsvis så går dei fort unna, seier Knut Bergli til Todalen.no.