På Surnadal komune sine heimesider har det no vorte lagt ut bilder frå den nedisa masta på Strengen. Kommunen har fått dei tilsendt fra Eltel, som i lag med Telenor har oppdraget med å ordne masta.
Problemet består i at ein sambandskabel har røke under tyngda av ei nedisa mast. Informasjonssjef i Telenor Midt-Norge, Knut Sollid fastheld fortsatt at liv og helse til reperatørane er ein av årsakene at feilen ikkje blir retta i følge Driva.no. Liv og helse til abonnentane er ikkje nemt. Per klokka 16 har ikkje todalen.no fått bekrefta at sambandet er tilbake.
Utvendig bilde frå den nedisa masta.
Her kan du sjå om saka på Surnadal kommune si heimeside. Foto: Eltel/Surnadal kommune