Todalen er i dag einaste gjenverande filial blant bygdefilialane under Surnadal Folkebibliotek. No vurderast framtida til filialen, som opplever for dårlig besøk for å kunne forsvare å oppretthalde drifta på dagens nivå. Filialen i Todalen har hovedvekt på bøker for barn og unge, men har også eit stort utvalg av bøker til voksne. I tillegg er det mogleg å be om bøker frå Surnadal Folkebibliotek, og det er til ei kvar tid bøker i Todalen som blir henda frå Surndal.
Ungane ved skulen og barnehagen er flittige lånarar, men besøket på kveldstid tydar på at mange velger andre alternativ enn det lokale biblioteket når dei skal få tak i bøker. Surnadal Kommune har som mål å få opp utlånstala ved kommunens bibliotek, men vurderer no om fortsatt drift av filialen i Todalen er blant tilboda som kan forsvarast. Det er tydeleg at besøkstala og utlånstala ved biblioteket må betydeleg opp.
Biblioteket i Todalen er åpent kvar torsdag mellom 18.00 og 20.00.