Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Biblioteket skiftar dag

Elinor Bolme Laurdag 31. oktober 2015

Ansvarleg for Todalen bibliotek, Karen Johanne Talgø melder no om at biblioteket endrar dag for utlån. Etter at dametrimmen vart avslutta ser ho at det med fordel bør vere åpent når det er noko som foregår på kveldstid. Derfor blir det no høve til å låne bøker på måndagar framover, siden det da er barneleik for dei minste og litt trafikk på skuleområdet så lell.

Karen minner også om at ho enkelt kan ta opp bestilling på bøker for den enkelte. Har dei ikkje boka i Surnadal, kan dei få tak i ho frå andre bibliotek, for eksempel Oslo ved behov.

Publisert: 31. oktober 2015, 07:40