Pandemien vi har opplevd dei siste 2-3 åra har vist oss at vi har behov for å treffast og være sosoiale – BH-festivalen er ikkje noko unntak. Elinor Bolme ønska eit 50-tal deltakarar velkomne på BH-festival i Bekkerhagan bustadfelt, og sa at dei hadde ikkje så mykje å by på, men det er atig å treffast lell. Bekkerhagan Vel var vertskap for BH-festivalen.
På programmet stod grilling av medbrakt grillmat og så var det kulturinnslag – Gruppa Invalidos bydde på både dansemusikk og litt meir visesongprega – spesialen er Jularbobasert både med originaltekst og med eigne tekstat samt hip hop hambo, samt Trondheimsnatt – også den med både originaltekst og egne tekster og Jostu som solist.
JP Husbys band med Jan Peter åleine kom også godt ut av det med sin visesong, med både engelske og norske tekstar. Publikum var rause med applausen til begge – Invalidos hadde sågar to avdelinga på scena – både før og etter kaffen.
Vi reknar med at BH-festivalen er komen for å bli, så det er berre å sette av ein kveld i august neste år også – det skal da reint statistisk være mange fine kveldar på august, sjølv om det vart litt surt og kaldt i år – men festivalteltet berga kvelden.