Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Betre sikt i Hauabrekkå

Betre sikt i Hauabrekkå

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. mars 2010

Laurdag var Gudmund K. og Ola G. Kvendset  i gang med hogging av graner ved Sisiå.  Gudmund fortalte at det var får å betre sikten mot Hauabrekka at grantrea måtte vike for å gjera vegen meir trafikksikker. Så det var altså ikkje starten på ryddinga av vegtraseen fram til Trollheimstunnelen!

Ola har forøvring vore deltakar på dei to skogkursa som har gått den siste tida. Det ein var stell av motorsag, medan det andre kurset gikk på hogstteknikk. Så no er det ut i praksis. Vi reknar med at Ola hadde eit og anna tipset frå kurset som han kunne vidareføre til far sin også?

 

Publisert: 6. mars 2010, 20:16