Koronaleiinga i Surnadal kommune møtte pressa måndag, og ønska å sette litt søkelys på den nye normalsituasjonen vi har fått etter at alle nasjonale koronapålegg vart oppheva sist laurdag. Sjølvsagt var dei glade for at samfunnet opnar opp og for at restriksjonane er lempa på. Men dei påpeka også at det framleis er behov for å ta omsyn til at vi framleis vil kunne være utsette for smitte og sjukdom.uan ønska å sjå både attover og litt framover da han kommenterte koronasituasjonen vi har hatt. Han fortalte at dei heilt frå starten hadde ein nullvisjon med tanke på faren for mange dødsfall. Det målet har det vore jobba mot heile tida og det lykkast. Mykje av jobben har vore å lage reglar og å drive smittesporing. Det var mykje usikkerheit i starten, og mange var redd
I kommunen har det vore lite smitte, men eit lite 20-tal har det vore alt er korleis ein reknar med bustadadresse, fortalte Buan, og skrytte av godt samarbeid både med næringslivet og det offentlege, pressa – og ikkje minst den store frivillige innsatsen som er lagt ned.
Det har vore eit enormt behov for kunnskap, for det har vore mange spørsmål som har dukka opp i den situasjonen vi har vore – kva er lov og kva er ikkje lov. Mange forskjellige behov og ønsker dukka opp, for vi er da så forskjellig og har forskjellige behov. Men det fantes alltid ei løysing og folk fikk ros for at dei har vore både lojale og løysingsorienterte.
Men sjølv om vi ikkje hadde nokon dødsfall å knyte til koronasituasjonen, så er det nokre som slit med koronarelaterte etterverking, med dett håpar vi ordnar seg. Buan tykkjer det er gledeleg å sjå at heile bygdesamfunnet har stått saman og samarbeidet godt i denne perioden. Og det har vore teke vare på dei som har vore mest utsett og folk har heldt ut.
Etter halvanna år med koronapandemi seier kommuneoverlege Buan at han ser at vi er godt rusta til nye utfordringar uansett kva som skjer framover, men no skal vi leve eit så normalt liv som muleg, sjølv om det er lurt å fortsette med gode hygienetiltak, sprivask, god handhygiene og hensynsfull hosting. Det er også lurt å være heime dersom du føler deg sjuk. Ved mistanke om koronasmitte så er det lurt å ta ein test og varsle dersom den er positiv. Hugs at «koroanen» er ikkje over – det er berre dei offentlege restriksjonane som er over!
No er også vaksineringa på det næraste ferdig – det er håp om å nå nærare 90 % vaksinerte i Surnadal, og det er over landsgjennomsnittet – snart er det berre barnehagebarn og småskulebarn som er uvaksinerte, og dei er det ikkje anbefalt å vaksinere.
Elles er det interessant å følgje med kva som skjer vidare, seier Buan. Effekten av vaksina avtek etter kvart og det vil nok bli ei oppfølging på ein eller anna måte. – Men det totale risikonivået er no mykje lågare, og det får vi glede oss over, seier Buan til slutt
.
Samfunnet er gjenopna – kva betyr dette for deg i kvardagen?
Klikk på linken nedafor og les dette blir!