Mange har den siste tida antageleg registrert den omtale som skulesamanslåinga i Bøfjorden og Bæverfjord har fått i både Tidens Krav og Driva. Seinast i går, var dette eit av hovedoppslaga på Driva.no. Mange todalingar følgjer denne saka frå sidelinja no, då det frå kommunalledelsen har vorte varsla ein gjennomgang av skulestrukturen i kommunen. Og med ein flunkande ny skule på Evenshaugen frå hausten 2013 er det fort gjort å endre skulestrukturen for Todalen og Stangvik Oppvekstsenter òg. Men til mange si overrasking har ikkje dette vore eit tema enda, men ein ser no i Bøfjord/Bæverfjord kor fort slike ting kan snu.
Driva skreiv i går: Meininga var dette berre skulle gjelde inneverande skuleår. Men i førre møte i hovudutvalet for oppvekst blei det vedteke mot ein stemme, å be rådmannen fremme ei sak om samanslåing frå neste skuleår. Saka skal sendast ut på høyring. Høyringsframlegget behandlast av utvalet kommande torsdag. Dermed er skulestrukturdebatten i gang på nytt.
– Eg vart overraska da saka vart fremma utanom sakskartet, og eg meiner det er feil vinkel sett opp mot vedtaket kommunestyret gjorde i haust, seier Lars Polden (Sp) medlem av hovudutvalet for oppvekst, og den eine stemma mot forslaget på førre møte.
Les heile saka i Driva HER.
I etterkant av dette har todalen.no i lag med fleire fått eit lesarinnlegg frå Bernt Bøe i Bøfjorden, som vi gjengir i opprinneleg form her: Betenkeleg skulehastverk