Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Beste stand og stor stas! – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 16. november 2014

Vi hadde laurdag eit innslag frå Bomessa i Trondheim der Talgø har delteke med både stand og mannskap i helga. På tampen av søndagen var det kåring av beste stand, og her gikk standen som Byggmakker Tiller har saman med MøreRoyal heilt til topps. På bildet sitt Finn Åge Bjørkamo, sjefen på Byggmakker Tiller, med det handfaste beviset – og er stolt som ein hane.

Messeutstillinga for MøreRoyal er utvikla og laga i samarbeid mellom damene på Talgø marketing, PU-avdelinga og Møretre, og har hatt veldig stor respons frå publikum som har vore med og stemt MøreRoyal-utstillinga heilt til topps. Kanonbra, seier marketingsjef Heid Snekvik til Todalen.no i ein kort kommentar.

Bildegalleri frå «livet på messa» – alle foto: Bjørn Ranheim

Først publisert: 16. november 2014, 21:11 - Sist oppdatert: 18. november 2014, 14:54