Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Besøksrutiner ved Surnadal sjukeheim i sommar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 3. juli 2021

I går, fredag 2.juli kom Surnadal kommune med nye råd for besøk ved Surnadal sjukeheim i sommar. Surnadal kommune ønakjer at alle følgjer desse besøksråda når dei kjem til Surnadal sjukeheim på besøk. 

Dei nye råda er som følgjer:

  • Besøk skal avtalast på førehand, og alle besøk blir protokollført.
  • Besøkande frå område med høg smitterisiko følgjer smittevernråda for området med høgast smitterisiko.
  • Alle besøkande må utføre handhygiene ved ankomst.
  • Besøkande med bekrefta eller sannsynleg smitte, eller som er i karantene eller har luftvegssymptom, skal som hovudregel ikkje koma på besøk. Unntak vurderast ved alvorleg sjukdom.
  • Er du i tvil om du kan ha vore utsatt for smitte, oppmodar vi deg til å teste deg før du kjem på besøk. Bruk gjerne munnbind som eit føre-vár-tiltak.
  • Besøkande bør halde minst 1 meter avstand til tilsette og andre bebuarar enn den dei besøker. Om bebuaren er vaksinert kan vedkomande ha nær fysisk kontakt, også ansikt-til-ansikt, med både vaksinerte og uvaksinerte besøkande.
  • Om bebuaren ikkje er vaksinert kan vedkommande ha nær fysisk kontakt, også ansikt-til-ansikt, med både vaksinerte og uvaksinerte, men her må det gjerast ei vurdering, ev. i samråd med pårørande, basert på om bebuaren er i risikogruppe, samt det lokale smitterisikonivået.
  • Det kan ikkje vere fleire besøkande enn at dei som ikkje er vaksinerte kan halde minst 1 meter avstand seg imellom.
  • Besøk kan skje i fellesareal, så framt avstand kan overhaldast.
  • Gåver og blomster er ok. Ta med eiga traktering. Besøket kan ikkje bruke institusjonskjøkkena.
  • Dersom bebuaren blir med på besøk utanfor sjukeheimen bør det gjerast ei vurdering av smitterisikoen opp mot grad av behov for besøket.

Velkomne på besøk og god sommar!

Surnadal sjukeheim – telefon: 71 65 82 00

 

Først publisert: 3. juli 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 2. juli 2021, 18:32