Det blir igjen besøksrestriksjonane ved Surnadal sjukeheim som ein konsekvens av nye nasjonale innstrammingar i perioden 4 – 18 januar. Her vil ein følge nasjonale tiltak og anbefalingar
For sjukeheimen sin del gjeld følgjande vedr. besøk i denne perioden:
– Vi hevar beredskapen og stenger dørene.
– Besøk skal gjerast avtale om, og vi fører besøksprotokoll.
– Generelt gjeld at vi begrensar antal besøkande i perioden. Det vil bli prioritert besøk til alvorleg sjuke og besøk ein ser på som nødvendig.
– Andre forespørslar vil bli vurdert. Der vi ser at risikoen er låg, dvs at de ikkje har vore i kontakt med andre i jula som har medført ein auka smitterisiko, så kan vi åpne for at de får koma på besøk.
Sjå elles heimesida til Surnadal kommune for info!
NB! Vi ber om forståing for at mange telefonar og vurderingar kring dette er tidkrevjande, og kjem oppå ein viktig periode no framover der vi har full fokus på vaksinering av bebuarane våre.
– Vi minner om at det er fullt muleg å legge til rette for videosamtalar mellom bebuar og pårørande.
På førehand takk for samarbeidet for ein fortsatt smittefri sjukeheim, og godt nytt år til dykk alle!
Med vennleg helsing oss på sjukeheimen!