Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Besøk nummer 1000 registrert i Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. januar 2022

Vi har fått ei lita oppdatering frå trimfronten i Todalen frå leiar i Trimgruppa i Todalen Idrettslag og tidlegare skribent her på Todalen.no, Elinor Bolme. Ho skriv: – I dag fekk vi registrering nr 1000 i trimturappen for Toaå Tursti etter oppstarten 1. oktober. Vi er no i desse dagar snart oppe i 3000 registreingar fordelt på 102 aktive trimarar. Todalingane er med andre ord gode på å halde seg i form!

Den som registrerte seg som nummer 1000 i turstien på føremiddagen i dag var Fredrikk Sogge. Trimgruppa hadde lova premie for den registreringa, og når det var klart at han var den heldige vart han «innvinka» til ei ekstra registrering på Løfta for å motta premien sin. Først registrering, før premien var behørig tatt på.

Far Kjetil likar å halde seg i form, og er nok ein god motivator for å få ut både ungane og fru Ingeborg (og kanskje nokon av oss andre også…?). Foto: Elinor Bolme

Også Magne og Arndis Søyset var ute mellom sportsendingane på fjernsynet i dag. Dei hadde starta dagen på Snøyå og gjekk opp til Gjeldnes og via Svinvikinnsjekken før dei tok turen oppom Løfta. Dei tykte det var artig med den elektroniske registreringa, og held tritt med kvarandre i alle fall. -Toåa Tursti blir etter sporten, forkynte Arndis.

Arndis og Magne Søyset Foto Elinor Bolme

Toåa Tursti i vinterdrakt, men det går fint å forserer med småsko enn så lenge. Både rådyr og hjort nyttar også stien i somme parti. Sidan det no også er registrering for Stikk Ut Vinter er det også ein del utabygdes som tek turen.

Sidsel Kalseth Heimlund hadde også sett seg mål på ein tur i turstien i dag, i det ho lettbeint kom ned frå Jabenken via Petlia. Ho konstaterte at trim jaggu er ferskvare og at frisklufta og turen nok er viktigare enn både fart og tilbakelagt høgdemeter.   

Mange hadde funne turen til turstien i dag – frå venstre Kari Kvendset, Dordi Talgø Grønset, Rolv Grønset, Kristian Talgø og Berit Pauline Kårvatn. Foto Jon Olav Ørsal

I linken http://www.trimpoeng.no/i/paa-tur-i-todalen/uteposter/ kan du sjå kor mange besøk den enkelte trimpost har.

Til slutt ønskjer Todalen I.L. alle eit rktig godt nytt trimår i 2022!

Publisert: 1. januar 2022, 17:06