I dag er det nok dent nye statsbudsjettet for 2019 som har vore det store samtaleemnet. For Møre og Romsdals del er ikkje det så mykje å skryte av og spesielt ikkje på samferdselssektoren. Ordførar Lilly Gunn var rett og slett frustrert på Møre og Romsdals vegne – berre 20 mill. til nye vegar, men ho tykte det var positivt at den posten i sin heilhet gikk til E39 på strekninga Betna – Stormyra da om enn sterkt forsinka.
Men 20 mill. er nok berre til å starte planleggingsarbeidet og betyr nok at resten må bevilges i påfølgande år. Men altså ingen pengar til Todalsfjordprosjektet eller andre nye prosjekt i Møre og Romsdal. På samferdselsektoren elles er det bevilga penger til skredsikringstiltak i Gråura mellom Oppdal og Sunndal, sam midlar til utbetring av Gjemnessundbrua.
Det er Rogaland, Hordaland, Trøndelag og Nordland som er vinnarar i tillegg til det sentrale Austlandet. I Trøndelag og Nordland er det E6 som stikk av med mykje av pengane og i tillegg går store summar til jernbanen i Trøndelag.