På Husby har det i dag gått hardt utover lauvtrebestanden på tampen av dagen. Det er Per-Åke Jacobsson som fliser opp olderstrangar som skal bli til strø i sauefjøset heime på Hjellnes.
Det var ein litt tøff jobb for flishoggaren som var montert på ein rimeleg stor traktor, men det gikk da stort sett fort unna når ein berre unngikk å kjøre fast knivane. Produktet blir nok fin-fint strø som sauene kan nytte no når lamminge er komen i gang – det er iallfall eit naturprodukt.