Det er mange som ringer og spør om vi er omfatta av D-vitaminskandalen i vårt hønsehus – det er vi ikkje, fortel Anders A. Karlsen. Han har eit hønsehus med 7500 verpehøner i Pestua, og han kan berolige oss med at hønene i Pestua får sitt for frå Norgesfor som er levert av Røv Mølle i Surnadal.

Her i sjølvbetjeningsbua kan du kjøpe egg 24/7 fortel Andreas Brøndbo. Sjølvbetjeningsbua ligg på hjørnet av hønehuset. Foto Jon Olav Ørsal
Det har vore mykje styr dei siste dagane, med over 10 millionar egg som ikkje er egna til mat. Heldigvis er vi ikkje berørt denne gongen, seier Anders, som garanterer kvaliteten på egga som selges gjennom sjølvbetjeningsbua ved hønehuset i Pestua.