Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Beredskapsdag med Sivilforsvaret – trygg men likevel sårbar?

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. mai 2025

Denne tysdagen stod i beredskapens tegn – Sivilforsvaret i Kristiansund ba seg heim til Surnadal for å vise kva dei står for.  Leiar i LIA1 (Lokal Innsats Avdeling 1) frå Kristiansund, Svein Kringstad fortalte at dei i Kristiansund har 4 avdelingar og ca 100 personar i Sivilforsvaret.  Ein del avb mannskapet er frivillige, medan nokre er utnevnt til slik teneste.  No er dei litt rundt omkring for å vise seg fram, og for å informere litt om kva dei driv med.  Folk har faktisk levd i den trua at Sivilforsvaret er eit byfenomen, men slik ar det ikkje lenger – vi må bidra der det er behov, seier Svein kringstad.  

Saniteten har avtale med kommunen om å ta del i beredskapsarbeidet. Todalen sanitetsforening og Surnadal Sanitetsforening samarbeider om dette prosjektet. Frå venstre Elinor Bolme, Helga Krangnes, Solveig Glærum og Ingrid Pedersen. Dei vil gjerne ha med seg fleire, så dersom du kan være med og stå på liste så er det kjerkome Foto Jon Olav Ørsal

I dag var dei altså på torgplassen framfor Kulturhus, og der hadde dei teke oppstilling saman med lokale mannskap som er i beredskap på kvart sitt vis – frå politet, brannetaten, Røde Kors, Ambulansetenesta og ikkje minst saniteteten.  Det er nok fleire grunnar til at beredskapen er kome meir i fokus.  Vi som har levd i fred og fordrageligheit sia slutten på førtiåra har opplevd at freden kan være utruleg skjør, slik at det kan være lurt å være førebudd på litt av kvart.  På same måte opplever vi at vêrgudane også er litt uberegnelege, slik at vi stadig oftare opplever ekstremvêr av ymse slag.

Rune Hyldbakk er leiar i Surnadal Røde Kors – her demonstrerer han hjertemassasje. Foto Jon Olav Ørsal

Dette har gjort at vi no har sett beredskap på dagorden både i politiske miljø og heime på privaten.  Demokratiet er utruleg skjørt og faktisk på vikande front mange plassar, og vi opplever at vi stadig må trekk fleire og større vekslar på frivilligheita for å få ressursane til å strekkje til.  I dag var det som sagt mønstring på torgplassen utafor Kulturhuset, og det var mange som var innom for å sjå og høyre kva som foregikk.

Mykje utstyr – heile beredskapstenesta fikk vist seg fra for publikum og for kvarandre. Foto Jon Olav Ørsal

Fleire bilder frå Beredskapsdagen i bildegallerie nedafor  – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. mai 2025, 16:12