Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Beredskap lokalt og støtte internasjonalt

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. mars 2022

Surnadal og Todalen sanitetsforeiningar samarbeider om ein felles omsorgsberedskapsavtale i Surnadal kommune. Som eit direkte resultat av dette samarbeidet, ønsker også dei no å mobilisere, for å hjelpe det ukrainske folk, som akkurat no opplever uhyggelege krigshandlingar. Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) har starta ein innsamlingsaksjon der pengane skal gå til Røde Kors. NKS samlar til vanleg ikkje inn penger til andre organisasjonar, med unntak av den nasjonale dugnaden TV-aksjonen. Dette er ein ekstraordinær situasjon, og dei gj3r difor eit unntak i samband med situasjonen i Ukraina.

Røde Kors er til stades med frivillige, både i Ukraina og i fleire av nabolanda, der mange av flyktningene no kjem til. Mange ukrainarar har må, på grunn av krigshandlingane, flykte frå heimane sine og oppheld seg no i tilfluktsrom eller t-banestasjonar. Andre er på flukt langs vegane. Behovet for hjelp er difor stort og vil berre auke framover. Pengene går til varme klede, mat, vatn og helsehjelp. Innsamlinga går via Vipps 40297 og eige kontonummer 1506.13.49372, og NKS oppfordrar til å bidra med midlar. Surnadal sanitetsforening har vedteke å gje 5.000 kroner til innsamlingsaksjonen.

I tillegg førebur dei seg, som beredskapsorganisasjon, på å hjelpe dei flyktningane som kjem til Norge og i sitt nærområde. I samband med dette startar dei ein lokal innsamlingsaksjon av heimestrikka sokkar, luer og vottar som dei skal ha i beredskap framover, til dei som trenger det. – Erfaringsmessig vet vi at mange har lyst til å bidra på slike enkle ting, og sanitetsforeningene håper derfor på positiv oppslutning, heiter det i pressemeldinga frå sanitetsforeiningane Surnadal og Todalen.

Dersom det er nokon som har sokkegarn å donere, er det berre å ta kontakt med leiaren i Omsorgsberedskapsgruppa i Surnadal, Elinor Bolme for ein avtale. Dette gjeld både for private og bedrifter i «garnbransjen» som ønsker å hjelpe til!

Levering av ferdig strikketøy kan gjøres på to plasser:

  • Strikkekaffe i regi Todalen sanitetsforening i Todalen sanitetshus (neste arrangement er laurdag 5. mars).
  • Strikkekaffe i regi Surnadal sanitetsforening på Surnadal frivilligsentral (neste arrangement er lørdag 12. mars).

– Vi regner ikke med at ivrige strikkere har noe ferdig til da, men ved oppmøte her vi den enkelte få mere informasjon om prosjektet, heiter det i pressemeldinga frå sanitetsforeiningane i Surnadal og Todalen.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 3. mars 2022, 09:29