I onsdagens møte TMN (Hovudutval for teknikk, miljø og næring) vart det gjort vedtak om å byggje ny Øyabru over Toåa. Det var Odd Asbjørn Bævre (AP) og Erik Moen (MDG) som fremma forslaget, seier Lilly Gunn Nyheim som bekreftar at ho har motteke underskriftslister frå folkemøtet i Todalen til støtte for ny bru.
TMN ber administrasjonen om å starte planlegginga snarast. – TMN ber kommunestyret ta inn i investeringsbudsjettet for 2019 kostnader til byggjing av ny bru, med ei kostnadsramme på inntil 6,5 mill. kroner.
I påvente av ny bru ber TMN om at det blir teke kontakt med firmaet SAFE CONTROL for å sjå på moglegheita ut i frå nverande rapport , for køyring av personbilar inntil 2 tonn totalvekt. Dette for å minimalisere trafikken langs den meir risikofylte vegen om Brusetmelan.
Vedtaket i TMN, der todalingen Ragnar Halle denne gongen møtte som vara, var einstemmig.