Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Benk til strandpromenaden rundt Akershus…

Jon Olav Ørsal Måndag 16. mars 2015

På Ansnessaga er dei vant til grove dimensjonar på produkta dei lagar. Da vi stakk innom på fredag, var Ivar Bolme og Råg Mikkelsen i gang med å ta ut ferdigtørka materialar frå tørka. Ein av stokkane utmerka seg med tanke på dimensjon, for det er liksom ikkje kvardagskost med skurlast på 12 x 16 tommar.  Dette er på langt nær nokon rekordstokk, men likevel har den ei lita historie.

IMG_3053_IB

Her er stokken på veg gjennom saga – og blir til ein plank på 12 x 16 tommar (ca 30 x 40 cm). Foto: Ivar Bolme

Stokken er levert frå Hjellnes, og hatt tilhald i tørka nærare 3 veker, før han no kom ut ferdigtørka. Den skal leverast til Solem sag i Øvre Surnadal, som ein del av ein leveranse dei har til prosjektet Nordre Akerhus Kai i Oslo. Solem sag skal i første omgang levere eit 50-tal benkar, der to og to slike stokkar skal boltes saman til benkar. Georg Solem fortel at dei har samla på grove og rette stokkar i årevis for å sikre seg at dei har nok til denne leveransen. – Dette prosjektet er ei renovering av området mot Akershus festning og skal etter kvart bli ein slags strandpromenade. Etter plana skal heile dette etter kvart oppgraderast, og denne leveransen er berre første del av eit større prosjekt.

IMG_3042_IB

Stokken ruver godt på tilhengaren til Bjørn Halle – ca 7 meter lang og med toppmål på over 55 cm. Foto: Ivar Bolme

IMG_3055_IB

Stokken på veg gjennom saga. Foto: Ivar Bolme

DSC_5427

Her har det godgjort seg i tørka ei vekes tid og er klar for levering.

DSC_5430

Knapt ein kubikk vart stokken etter at den var ferdigskåret, rekan Ivar Bolme og Råg Mikkelsen ut at stokken vart. Ivar presiserte at dette på langt nær var nokon rekord stokk for MøreTres anlegg i Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 16. mars 2015, 12:24