Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bekymra for den smittsame hundesjukdomen

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. september 2019

Den dødelege hundesjukdom som har fått stor fokus den siste tida har ført til stor bekymring for Odd Arne Vikavoll. Han er genuint interessert i jakthundar, og har vore sterkt bekymra for sin eigen hund og fleire hundar som ha har til opplæring. Den siste tida har Vikavoll farta rundt på jaktprøvar og har hatt mykje kontakt med andre hundar. Det har ført til at han har sjekka hundane fleire gong om dagen – klar for å aksjonere ved teikn på sjukdom.

Hundane får godt stell mellom jaktøktene. Odd Arne vikavoll har 3 hundar med på jakta i disse dager, og følger spent med på info frå Veterinørinstistuttet. Foto: Jon Olav Ørsal

Vikavoll trur at problema kanskje har tilknyting til foret, men det er berre noko han innbiller seg, og poengterer at det er nærast rein tipping. No er det jakt i Børgefjell/Røyrvikområdet, og Odd Arne har med seg 3 hundar som deltek aktivt i rypejakta her.  Alle hundane er premierte i jakthundprøve og han følger nøye med – fleire gong om dagen – kva Veterinærinstituttet gjør og om det eventuelt blir sett inn tiltak. 

 

 

Publisert: 10. september 2019, 19:18