Kven har teke den fjerde nissen?? Er det Frøken Bladfyk som har teke julefreden med ein smell?? Og er det sååå strevsamt å væra nissemann at lufta har gått ut to veker FØR julaftan? Spørsmåla er mange på Kvendsetgarden for tida etter at både nissar og den frakkaste julegatå i bøgd’n har teke kvelden og vorte beksvart. Handelsmannen gjer nok gode pengar på auka kaffesal i kaffekroken da det er litt av eit kaffekrokmysterium. Julebrøda frå i fjor er for lengst ete opp for å seie det slik…
Todalen IL sin nisse har vore på inspeksjon og lurar i på kva i all verda det er som har foregått dei siste dagane. Kan det ha ein samanheng med at ManU og Arsenal ikkje vann i helga? Eller er det rett og slett ei tjuvkopling som har vorte avslørt…
TILnissen oppfordrar derfor alle som er i stand til å komme seg til Ungdomshuset for eiga maskin 3. dag jul ( ja onsdag 27.desember) om å komme å hjelpe til så at mysteriet blir løyst. Revygruppa er nemleg godt i gang med årets julerevy som har fått det klingande namnet #ViÅ. Revygruppa lovar sedvanlige sleivspark i mange retninger også i år. Nesten garantert til nissar som allereie ligg nede…
Kan fotografen forresten ha vore Overredaktøren?? Eller er det fjesbokvarslaren??