Todalen Idrettslag opplyser om at det no går beitedyr ved traseen til Toåa tursti. Det er i samband med dette sett opp grind, som kan opnast, der øvre sti ned til Gunnøya tek av. Grinda kan som sagt opnast, men må også stengast når ein har gått igjennom, slik at beitedyra ikkje «stikk av»!
Todalen Idrettslag ber difor om at alle som går tur i Toåa tursti tek hensyn og følger oppfordringa om å stenge grinda når dei har passert.
Idrettslaget minner også om generell bandtvang som gjeld fram til 1. november, og som elles gjeld på offentleg stad jf. Surnadal kommune – forskrift om bandtvang