Det går no sauer på beite ved deler av traseen til Toåa tursti. Todalen Idrettslag oppfordrar difor alle som går tur i Toåa tursti, om å ta hensyn til dette, slik at sauene ikkje blir skremt. Spesielt gjeld dette for dei av oss som går tur med hund.
Det er som kjent bandtvang for hund fram til og med måndag 31. oktober, i Surnadal kommune, men så lenge det er beitedyr på beite, så gjeld bandtvangen enda lenger på offentleg stad, slik som mellom anna i Toåa tursti.