-Vi treng fleire skribentar til Todalen.no, da ein av dei faste redaktørene no har meldt om tidleg pensjon, seier styreleiar Stig Husby etter gårsdagens styremøte. Han og resten av styret er dermed avhengig av rekruttering innan året er omme slik at nettportalen fortsatt skal levere levande og interessant stoff for sine mange lesarar i og utanfor bygda.
Styret ønsker derfor å invitere til eit infomøte i forbindelse med årsmøtet onsdag den 18. mars. -Vi håpar at med å informere litt om arbeidsoppgaver og ufarleggjere arbeidsmengdene så vil vi klare få fleire redaktørar/bidragsytarar som kan tenkje seg å bidra til vidare drift av nettstaden.
-I Ungdomshuset vil vi orientere litt om kva som styret ser for seg av vidare drift, og ikkje minst få innspel på nye idear, seier Stig. -Vi har slettes ikkje fasiten, men ser nok at dagens modell kanskje må endrast til fleire aktørar, med mindre roller.
Nokre av tema som vil bli diskutert er:
- Tidsbruk for den enkelte
- Utstyr- kva trengs for å levere stoff
- Godtgjøring
Styret håpar derfor at fleire kjem for å få eit innblikk i kva som skal til for å få fleire til å seie seg villige til å bli redaktørar.