Alle laga er no ferdige med dagens kampar og vi har nok ein gong fått både resultat og bilder tilsendt. Begge jentelaga vann sine kampar overlegent. J19 slo MSIL heile 11-0 og gjekk dermed direkte til 1/4-finale med walkover. J13 STUK endte på 2. plass i pulja etter 4-0 over Heia FK. G14 Surnadal/Søya/Todalen måtte sjå seg slått av Sokndal etter ein spanande kamp på Ekeberg no i ettermiddag. Dei endte dermed sist i si pulje og går til B-sluttspelet med ny kamp i morgon.
G13 Surnadal/Søya/Todalen tapte 2-4 for KFUM-kameratene, og ender på 2. plass i si pulje. Dei møter dermed Oslolaget Ready til 1/32-finale i morgon i A-sluttspelet.
Under dagens tilsendte bilder frå dei ulike banane.
Klasse W: J19 Surnadal IL/Søya/Todalen
Søndag 30/07 12:00 Surnadal/Søya/Todalen – Hommelvik IL 5 – 1
Mandag 31/07 17:15 Surnadal/Søya/Todalen – Oppegård IL 2-1
Tirsdag 01/08 12:00 MSIL – Surnadal/Søya/Todalen 0-11
Storspill og storseier under dagens kamp gav mange navn på scoringslista: Thea Holten og Ane Mogstad 3 kvar, Marit Ingeborg Ansnes 2 og Ingrid Bæverfjord, Emma Sæther og Marte Nes 1 kvar.
Klasse P: J13 Søya IL
Søndag 30/07 09:00 Søya, IL – Fossum IF Fighters 2 – 2
Mandag 31/07 12:00 Søya, IL – Kviteseid IL 3-0
Tirsdag 01/08 09:00 Heia FK – Søya 0-4
Jentene vart etter dagens seier 4-0 over Heia klare for A-sluttspill etter at dei vart nummer to i si pulje. Dei møter dermed Høybråten og Stovner i 1/8-finalen onsdag kl 15.15.
Klasse D: G13 Surnadal IL/Søya/Todalen
Søndag 30/07 16:00 Surnadal/Søya/Todalen – Lom IL Lom/Skjåk 4 – 2
Mandag 31/07 13:00 Surnadal/Søya/Todalen – Abildsø IL 4-2
Tirsdag 01/08 17:00 KFUM-Kam. Oslo 1 – Surnadal/Søya/Todalen 2-4
Klasse F:G14 Surnadal IL/Søya/Todalen
Søndag 30/07 17:15 Utleira IL – Surnadal/Søya/Todalen 6 – 1
Mandag 31/07 18:30 Surnadal/Søya/Todalen – Håkvik IL 1-1
Tirsdag 01/08 17:15 Sokndal Idretts – Surnadal/Søya/Todalen 5-1
Gutane ender med dette tapet 5-1 for Sokndal i B-sluttspelet og har sin neste kamp i morgon klokka 14.
Gutane på G14 gjer seg klar før kamp. Fine speleforhold og fint vêr.