Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Båtfart til Stangvikkyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 9. juni 2014

1. pinsedag var heile Indre Nordmøre samla til felles gudsteneste i Stangvik kyrkje. I gudstenesta deltok Stangviks eigen sokneprest Bernt Venås, saman med soknepresten i Rindal Lene Gåsvatn og soknepresten i Halsa, Torbjørn Brøske. Under gudstenesta deltok også songkoret Tordenskjold med dirigent Elin Persson og Stangvik kyrkjes jentekor. 3 born vart døypte under gudstenesta.Pinsegudsteneste_2685

Tradisjon tru rodde dei kyrkjebåtar både frå Torvika, Hamnes, og frå Bøfjorden der 7-roingen ”Hjelmkånnå” deltok. ”Hjelmkånnå” hadde i dag tidleg lagt ut frå Solem med 13 roarar og høvedsmann om bord. Båtane frå Hamnes og frå Torvika er litt mindre og såkalla 5-roingar. Dei har 10 roarar og ein høvedsmann til å styre og ha kommandoen om bord. Mannskapa hadde nok ein fin tur over fjorden i dag, og var framme i Stangvika i god tid før gudstenesta starta.

Nils Chr. Torvik fortalte at det har vore tradisjon å ro til Stangvikkyrkja på pinsegudsteneste sia midten på 1980-talet, etter at det hadde vore eit opphald sia 1912. På 80-talet vart båten henta fram igjen, men han var usikker på når og kvar kyrkjebåten var bygd, men trudde han var utruleg gammal. Båten hadde lege i eit gamalt tømmernaust som er frå 1618, men trudde ikkje båten var så gamaI. I år hadde Nils Chr. bilskyss til kyrkja, men han har vore fast mannskap tidlegare.

Flerie bilde fra landgangen av kyrkjebåtane og frå gudstenesta i galleriet nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 9. juni 2014, 12:41