Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Båten på Vassnebbvatnet er på plass igjen

Elinor Bolme Laurdag 16. august 2014

Sist laurdag var det storstilt redningsaksjon på Vassnebbvatnet. Båten der oppe hadde blåse vekk etter ei vindkule i vinter, og har vore sakna sidan. Båten var fram til da alt som var igjen etter at Dagmar tok med seg hytta som sto ved vatnet.

Knut Halset, ein flittig brukar av fiskemoglegheitene på Vassnebbvatnet har i sommar vore på leiting rundt Vassnebbvatnet for å finne at båten. Til slutt fant han den att nede på tæla, mellom Litjfjellet og Rambjøra. Han bar litt preg av å ha vore med i ei vindkule eller to.

10592735_10152171029876076_1873416199245006591_n

7 mann stilte altså opp laurdag for å bæra båten attende til vatnet; Lars Kvendset, Einar Husby, Knut Halset, Arve Halset, Sander Striger Halset, Sondre Halset og Torkjel Ansnes Moe var den mannsterke troppen. Båten låg om lag eit par hundre meter frå vatnet, og sidan den er gjort av aluminium, gjekk berginga utan problem.

10574409_10152171039066076_4816560830791121516_n

 

10570539_10152171036296076_8871384644176971988_n

Etterpå benytta gjengen resten av dagen til fiskeri og ein fin topptur på Vassnebba (Grånebba).

20140809_1551341

 

Panoramabildet er teke av Sondre Halset, resten av Torkjel Ansnes Moe.

Publisert: 16. august 2014, 08:00