Vi har fått eit bilde og info om båt i drift ved Todalsøra. Det er uvisst kven som er eigar, med det bør aksjonerast før det blir mørk – eller båten driv til havs? Det er ein god del vatn i båten, blir vi fortalt.
Det er ein robåt på 12-13 fot med ei åre oppi og ei like ved. Dersom nokon har båten klar til å berge robåten så hadde det vore bra. Snart sig mørkret på no!