I går ettermiddag vart det arrangert Sanitetsbasar i Sanitetshuset. Mykje folk tok turen innom utover ettermiddagen, noko som resulterete i stigande basarsøg som nådde toppen ved trekninga klokka 17. Og med heile 57 gjevinstar på hovudbordet, 32 på barnebordet og 28 på «Dagens bord» var det ikkje mange som gjekk tomhendt derifrå. Komplette trekningslister ligg under.
Leiar Åse Ville Redalen ynskjer difor i etterkant å retta ein stor takk til alle som har gjeve basartingar og ikkje minst støtta med loddtaking. -Vi fekk inn over 40000 kroner, noko som er heilt utruleg i denne vesle bygda vår, seier ho.
Trekningsliste Barnebord 02.10.2011.
Under er nokre bileter frå ein vellukka ettermiddag. Foto: ElinorB