Søndag 7. april inviterer Toåa Tursti til basar i Todalen Ungdomshus. I den anledning blir det også byttemarked i kjelleretasjen. Her blir det muligheit for å levere inn bruka sportsutstyr som ein ikkje treng lenger, som kanskje nokon annan har behov for.
Gunnar Nordvik som er sjølvutnemt byttesjef denne dagen oppfordrar derfor bygdefolket og andre til å levere inn fint brukt utstyr som kanskje nokon annan kan ha nytte av. Det kan til dømes vere fotballsko, ski i ulike variantar, akebrett, skisko, skistavar, skøyter ol. -Og det er bytting, ikkje kjøp og salg poengterer Gunnar. Det som ikkje blir bytta bort må den enkelte ta med seg heimatt fortel han. Varene kan leverast i Ungdomshuset frå klokka 15 denne søndagen, men basaren og byttinga byrjar ikkje før klokka 17.
Forhåndssalget på basaren er allerede i gang, men er du ikkje i nærleiken for å kjøpe lodd kan du heilt enkelt bruke Vipps til å betale med. Søk opp Toåa Tursti med #519814 og kjøp så mange lodd du vil. 50 kr pr lodd på felleslista.

Skriv namnet ditt, slik at komiteen veit kven som skal skrivast i listene.