Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Basar i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Tysdag 21. oktober 2025

Sanitetsforeninga minner om basaren torsdag:

Todalen sanitetsforening arrangerer basar torsdag 23. oktober i Sanitetshuset. Basaren startar kl. 18:00.

Her blir det stort basarbord, åresalg og servering av kaffe, kaker, bakels med graut eller syltety.

Sanitetsforeninga tek gjerne i mot gevinstar til basaren. Gevinstar kan leverast seinast onsdag 22.10 frå kl. 12:00 og til 17:00 i Sanitetshuset. Kontaktperson er May Elisabeth Holten.

Det blir førehandssalg av lodd på Matkroken fredag 17. 10 i tidsrommet 10:00 til 16:30

Lodd på felleslista kan også kjøpast med VIPPS: 534955. Eit lodd kostar 100 kroner. Viss ein ønsker å kjøpe lodd til andre enn VIPPS-avsendaren, må ein hugse å skrive namn til vedkomande som får lodd.

VEL MØTT TIL BASAR!

 

Publisert: 21. oktober 2025, 11:35