Todalen sanitetsforening arrangerer basar onsdag 16. oktober i Sanitetshuset. Basaren startar kl. 18:00.
Her blir det stort basarbord, åresalg og servering av kaffe, kaker, bakels med graut eller syltety.
Sanitetsforeninga tek gjerne i mot gevinstar til basaren. Gevinstar kan leverast måndag 14.10 frå kl. 16:00 og utover ettermiddagen i Sanitetshuset. Kontaktperson er Synnøve Hole Talgø.
Det blir førehandssalg av lodd på Matkroken fredag 11. oktober i tidsrommet frå kl. 10:00 til kl. 16:00.
Lodd på felleslista kan også kjøpast med VIPPS: 534955. Viss ein ønsker å kjøpe lodd til andre enn VIPPS-avsendaren, må ein hugse å skrive namn til vedkomande som får lodd. Pris pr. lodd er 100 kroner.
VEL MØTT TIL BASAR!