Surnadal kommune informerer om at fristen for å søke om barnehageplass for barnehageåret 2021/22 er 15.februar. Dette gjeld berre born som ikkje har barnehageplass i ein kommunal barnehage i dag. Har bornet allereie barnehageplass treng du ikkje søkje. Det nye barnehageåret tek til 15.august.
I Surnadal kommune er det per i dag 8 barnehagar. Desse er:
- Todalen barnehage
- Bæverfjord barnehage
- Øye og Skei barnehage avd. Skei
- Øye og Skei barnehage avd. Øye
- Bøfjorden barnehage
- Midtigrenda barnehage
- Mo barnehage
- Stangvik barnehage
Søknadsskjema for opptak i barnehage finn du her: «søknadsskjema barnehageplass»
Om du treng hjelp til utfyllinga av søknadsskjemaet kan du ta kontakt med Surnadal kommune på telefon 71655800 eller stikke innom Servicetorget på kommunehuset. Servicetorget er fortida stengt på grunn av Koronasituasjonen førebels fram til 19.jaunuar. For oppdatert informasjon om opningstida sjå Surnadal kommune si heimeside.
Det er og mogleg å fylle ut skjemaet og sende det i posten. Da skal du sende skjemaet til:
Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surndal
Barnehageopptak er regulert i barnehagelova, kommmunen sine vedtekter og forskrift om sakshandsamingsreglane ved opptak i barnehage. Den som søkjer får svar på søknaden ved hovudopptaket seinast innan medio mars.
Prisar barnehage
5 d/veke kr. 3.135,- pr. mnd. + Mat kr. 246,- pr. mnd.
4 d/veke kr. 2.470,- pr. mnd. + Mat kr. 194,- pr. mnd.
3 d/veke kr. 1.950,- pr. mnd. + Mat kr. 150,- pr. mnd.
2,5 d/veke kr. 1.620,- pr. mnd. + Mat kr. 128,- pr. mnd.
2 d/veke kr. 1.280,- pr. mnd. + Mat kr. 106,- pr. mnd.