Barnehagen opnar utstilling i «Skulstuå» fredag 9/6 kl 14, og held ope til kl 16 på ettermiddagen. Dei håper at mange tek turen innom for å sjå noko av det som barnehagebarna har måla og teikna i løpet av våren. I vinter har barnehagen vore så heldige å fått sett utstillingar med Sissel H. Storslett og Reidar Østvik, og dei vart inspirert til å laga si eiga utstilling.
No håper dei at bygdefolket, foreldre, besteforeldre, naboar og slekt og vener vil kome og sjå! Det serverer kaffe og kaker, og det blir også høve til å få ei omvisning i barnehagen. For dei som ikkje har høve til å kome fredag, blir det mogleg å sjå utstilling etter «10-kafeen» på skulen 13. juni.