Fredag ettermiddag fikk Todalen Barnehage overraskande besøk av Hans Christian Hårstad frå Brann og feiarvesenet i Surnadal kommune. Han hadde med seg ein flott «Bjørnisplakat» som Hans Christian moternter opp på veggen i barnehagen. På plakaten var det ei «alt blir bra»-helsing frå brannbamsen Bjørnis til barnehageborna.
Alle barnehagane i Surnadal og Rindal har fått samme oppmerksomheta – Det er nemleg ei spesiell tid vi lever i om dagen, med mykje handvask og smittevern. Dette var ei flott oppmuntring og påminning, og no blir alle møtt med regnbogehelsinga om at «alt blir bra» når dei kjem til barnehagen.