Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Barn i løypa søndag

Elinor Bolme Torsdag 21. januar 2016

Ski og friidrettsgruppa i Todalen IL melder om oppstart med Barn i løypa førstkommande søndag mellom 14 og 16. Her blir det høve til å teste både glid og form for deltakarar i alle aldrar.

Lysløypa på Tjønnmyra er oppkjøyrd kvar dag, og kl 18 i går kveld var det fine forhold. Dei som hadde teke turen oppover på ei kveldsøkt i løypa var samde om at føret ikkje var av det skarpaste, men for treninga sin del var det ypperleg. Derfor kan ein anbefale turen oppover til anlegget også dagane og kveldane før søndagens arrangement.

Lyset kan slås på ved behov, og sløkkjer seg sjølve i 22.30 tida.

image

Kuppert terreng i løypa. Her er ein av bakkane.

Scooterkomiteen har også kjøyrt på spor frå Sanitetshuset på Kvendset og oppover til Bekkerhagen boligområde for dei som ønsker ein luftetur i nærmiljøet.

 

Publisert: 21. januar 2016, 10:00