Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Barn i løypa» måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 10. desember 2021

Måndag 13. desember klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den timen «Barn i løypa» foregår. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med sjølv. 

Løypetraseen i lysløypa er preparert og det blir meldt om skikkeleg fine forhold for å gå på ski i lysløypa på Tjønnmyra. 

Vêrmeldingane for måndag kveld seier foreløpig at det skal bli sludd, men dette kan forandre seg i løpet av dagane framover. Men at det blir skiføre, det er det ingen tvil om!

Barne- og ungdomsgruppa ønskjer alle velkomne på «Barn i løypa»! 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 10. desember 2021, 06:00 - Sist oppdatert: 9. desember 2021, 17:49