Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til «barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra onsdag 17. januar klokka 17:30. – Det er kort varsel, så det blir meir som eit «pop-up» arrangement, men det er fine forhold for å gå på ski no, så da må vi berre kome i gang, seier Anders Gjeldnes, leiar i Barne- og ungdomsgruppa.
– Det blir servert saft, legg han til.
Barne- og ungdomsgruppa ønsker velkommen til sesongens første «barn i løypa»!