Tysdag 15. februar, frå klokka 17:30, inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg.
Løypetraseen i lysløypa er nypreparert og det er ganske gode forhold for å gå på ski, seier rapportane vi har fått.
Vêrmeldingane for i morgon kveld, seier foreløpig, at det skal vere 1 – 2 grader utan nedbør.
Barne- og ungdomsgruppa ønskjer alle velkomne på «Barn i løypa»!