Tysdag 1. februar, frå klokka 17:30, inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv.
Løypetraseen i lysløypa er nypreparert og det er ganske gode forhold for å gå på ski, seier rapportane vi har fått.
Vêrmeldingane for tysdag kveld seier foreløpig at det skal litt snø og temperatur frå 0 – -2 grader.
Barne- og ungdomsgruppa ønskjer alle velkomne på «Barn i løypa»!