Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Barn i løypa i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. januar 2022

Tysdag 25. januar frå klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv. 

Løypetraseen i lysløypa er nypreparert og det er ganske gode forhold for å gå på ski, seier rapportane vi har fått. 

Vêrmeldingane for tysdag kveld seier foreløpig at det skal litt nedbør med eit par plussgrader.

Barne- og ungdomsgruppa ønskjer alle velkomne på «Barn i løypa»! 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 24. januar 2022, 19:58