Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Barn i løypa» på tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 2. januar 2022

Tysdag 4. januar mellom klokka 17:30 – 18:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den timen «Barn i løypa» foregår. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv. 

Løypetraseen i lysløypa er preparert og det blir meldt om fine forhold for å gå på ski i lysløypa på Tjønnmyra. 

Vêrmeldingane for tysdag kveld seier foreløpig at det skal bli delvis skya og -3 – -5 grader, men dette kan forandre seg i løpet av dagane framover. Men at det blir skiføre, det er det ingen tvil om!

Barne- og ungdomsgruppa ønskjer alle velkomne på «Barn i løypa»! 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 2. januar 2022, 15:22