Ola Dalsegg i Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe melder at det blir «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra i kveld klokka 17:30. Han minner om 1-metersregelen og dei andre Koronareglane må følgast. Som følge av smitteverntiltaka blir det ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv.
Løypene vart preparert måndag kveld. I går kveld og i natt har det kome litt meir snø, så løypene vil bli preparert på nytt i ettermiddag, men i god tid før «Barn i løypa» tek til, fortel Ola. Han kan dermed garanterer fine løyper og gode forhold løypehorhold. Så da ligg alt til rette for ein fin skikveld i lysløypa, for både små og store!