Det var stor aktivitet, og alle heldt seg varmen da Todalen I.L. arrangerte «Barn i løypa» måndag kveld. Med fyr på peisen i gapahuken, og litt varm saft som drivstoff var det full fart både i sporet og utafor sporet. Det såg ut som både store og småe kosa seg på det gode vinterføret i lysløypa på Tjønnmyran.

Full fart – her der det Natalie Astrid som slår på bremsane så ho ikkje kjører beint på fotografen. Foto: Jon Olav Ørsal
Det var eigentleg litt artig å sjå at ungane heldt eit så høgt aktivitetsnivå, og dreiv både med ski, rattkjelke og akebrett, og det var stor treningsiver blant de aller minste for å lære seg å gå på ski. Og jammen var det mange som har hatt ei bratt læringskurve og alt vorte dyktige på skiene. Og trening blir det meir av, for neste måndag – 4. februar – er det ein ny omgang med «Barn i løypa».
Nedafor har vi laga eit lite bildegalleri frå dagens arrangement i lysløypa på Tjønnmyran. Alle foto: Jon Olav Ørsal