Det milde vêret den siste veka har smelta mesteparten av snøen i løypetraseane i lysløypa på Tjønnmyra, fortel Ola Dalsegg, leiar i Brne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag. Dette gjer at Barne- og ungdomsgruppa ser seg nødt til å avlyse morgondagens «Barn i løypa».
Ola har eit lite håp om at det skal kome litt snø rundt og etter helga, slik at det blir mogleg å arrangere «Barn i løypa» neste onsdag. På vêrmeldingane den komande veka er det meldt både regn og snø, så kva vêrgudane til slutt bestemmer seg for, får vi svaret på etter helga. Men i morgon er det i alle fall for lite snø til å arrangere «Barn i løypa».