Skigruppa startar med «Barn i løypa» i lysløypa førstkomande torsdag kl 18. Ledar Frode Grønmyr fortel at dei vil nytte det gode føret og fine førforholda som er i lysløpa no. Plana er å arrangere «Barn i løypa» kvar torsdag utover vinteren, så lenge det er føre til det. Han minner også om at det er høve til å ta skimerket desse kveldane og at arrangementet er ope for alle som vil prøve skiene i løypa. Så her er det berre å finne fram skiene og «Blå-Swixen» og møte opp ved Fellesfjøset torsdag kl 18. Skigruppa serverer varm saft etter skituren.