Torsdag kveld var det full rulle i lysløypa med barn i løypa igjen. Det var andre gongen det var arrangert denne sesongen og dei som møtte såg til å trivast i dåra. Ver og føreforhold var kanskje ikkje optimale, men det er vi vel i grunnen ikkje så kravstore på ved desse arrangementa.
Kjem de hæll? Markus Bolme ventar på Maria Bergli og Tor Asbjørn Mikkelsen Karlsen
Edel Terese Mikkelsen Karlsen i full fart!
Emma Sæther gir dei minste ei hjelpande hand om det trengst. Her held ho følgje med Van Adrian Ansnes.
Konkurranse med ei ski. Frå venstre Eivind Bolme, Ola Bolme, Marit Ingeborg Ansnes og Emma Sæther.
Lysanlegget i løypa er fortsatt berre i drift der den vesle runden er oppkjøyrt, då planene om å flytte lysløypeanlegget til Tjønnmyran i følge fjordårets årsmøte i Todalen Idrettslag er under arbeid. Idrettslaget meinte difor det kanskje ikkje var vits i å legge ut for store kostnadar på nytt lysanlegg i Ørsalen når det likevel mest truleg skulle byggast nytt ovafor Falla. Todalen.no har ikkje fått noko info om dette frå Idrettslaget etter årsmøtet 18. mars i fjor. Les om den saka her.