Konserten i går kveld med Bård og Drengen – Bård Engh og Terje Kristiansen – vart ein intimkonsert i ordets rette forstand. Eit tjuetals tilhøyrarar fikk iallfall full utteljing for hundrelappen sin. Bård Engh og Terje Kristiansen klarte å skape ein god og intim atmosfære under konserten som foregikk i peisestua på Todalshytta.
Dei to hadde aldre opptredd saman før, men gikk like trøstig på scena etter ei treningsøkt på eit kvarter. Men dyktige artister har ikkje problem med å finne tråden i musikken, og Terje har 50 års erfaring med gitaren – det hjelper på! Og det fikk vi da også høre, og det fungerte under heile konserten. Dei to framførte eit allsidig program som spente frå Lillebjørn Nilssen i starten og vidare via irske folketoner til Evert Taube, Bellmann, Beatles, Ulf Lundell, Cornelis Vreeswijk, Trond Granlund, Creedence og eigne låter.
I det heiletatt ein triveleg konsertkveld med 2 timer song og musikk med både artistar og publikum i godlynne.