I.L. Søya melder at «Bankslettå» er rydda og klar for treningsbruk. Den første uoffisielle vintertreninga var søndag den 30. januar, og laget reknar med at mildværet som er meldt vil gje fine treningsforhold.
G16 vil starte med fast trening på kunstgras kvar måndagskveld, dersom forholda tillet det utover vvinteren og våren. Det er nok ein fare for at vi får litt meir vinter og snø enno, men fotballspelarane vil gjerne kome seg utomhus for å trene.
I.L. Søya minner også om årsmøtet som blir avvikla i klubbhuset på Vang Skiarena torsdag 24. januar kl 20, der dei oppfordrar alle medlemane til å møta.
Les meir på heimesida til I.L. Søya på